2. juni meldte Fylkesmannen oppstart av planarbeid for vern av skog på statsgrunn i Grane, Hattfjelldal, Hemnes og Vefsn kommunar. Les meir om saka her: https://www.fylkesmannen.no/Nordland/Hoeringer/2020/10/oppstart-av-verneplanprosess-for-skog-pa-statgrunn-pa-helgeland/.

I samband med denne prosessen skal Fylkesmannen ha ope kontor lokalt i kvar kommune på følgjande stad og tidspunkt:

  • Ope kontor på rådhuset i Korgen i Hemnes: Mandag 24/8 kl 9-14
  • Ope kontor på Fylkesmannens kontor i Mosjøen (Sjøgata16/18) i Vefsn: Tirsdag 25/8 kl 9-14
  • Ope kontor på rådhuset i Trofors i Grane: Onsdag 26/8 kl 9-14
  • Ope kontor på rådhuset i Hattfjelldal: Torsdag 27/8 kl 9-14

De er hjartleg velkomne til å kome innom og ta ein prat med oss.

Vi arrangerer også opne befaringar i eit av dei områda som er forslått for vern i kvar kommune. Følgjande områder og dagar er valgt ut:

-Hemnes kommune: Befaring i Simaklubben (utvidelse) mandag 24. august kl 17. Oppmøte på parkeringsplass ved Stabbforsfloget, ved fylkesveg 806.

-Vefsn kommune: Befaring i Olaåsen tirsdag 25. august kl 17. Oppmøte ved Stormoen i Eiterådalen.