I pressemeldingen fra departementet heter det videre:

"Kommunen får også dispensasjon til å dekke inn tidlegare underskot over sju år.

Tapa på plasseringane i den såkalla Terra-saka ga Hemnes eit stort underskot i rekneskapen for 2007. Den ekstra tildelinga på fire millionar kroner blir gitt med bakgrunn i dei økonomiske utfordringane og korleis kommunen jobbar i ein særs krevjande situasjon. Fylkesmannen vurderer fortløpande den økonomiske situasjonen og tenestetilbodet til kommunane og deira arbeid med å dekke inn underskotet, og departementet har følgt anbefalingane frå Fylkesmannen.

Kommunal- og regionaldepartementet har godkjent at Hemnes kommune dekker inn underskotet sitt over sju år. Som hovudregel skal kommunar dekke inn underskot i løpet av maksimalt fire år. I spesielle tilfelle kan underskota likevel vere så store at dette ikkje vil vere mogleg utan at det får veldig store samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar. I slike tilfelle kan departementet gje dispensasjon til at kommunen kan bruke opptil ti år på å dekke underskotet, slik at den årlege lastinga for kommunane vert mindre.

Hemnes har ikkje tidlegare motteke ekstraordinære skjønnsmidlar frå staten i etterkant av den såkalla Terra-saka. Blant dei andre involverte kommunane har Vik, Bremanger, Hattfjelldal og Narvik motteke ekstraordinære skjønnsmidlar frå staten. I tillegg har alle desse kommunane fått dispensasjon til å dekke inn underskotet over ein lengre periode."